Deg å få skode er sæla å nå
Gud vær det syn som mitt hjarta vil sjå
vær du for tanken min dyraste skatt
ljoset som strålar ved dag og ved natt

 

Vær du min rikdom, mi sanning og trøyst
tal du det levande ord me di røyst
Far, lat meg væra barn her hjå deg.
kom til meg Herre, ja bu du i meg!

 

Vær du i striden mitt skjold og mitt sverd;
vær du det merket som syner mitt verd,
livd for mi sjel, den tryggaste vakt;
lyft meg mot himlen, du makt i mi makt!

 

rikdom og ære som menneske gjev
er ikkje meir enn den morknande vev
du er min arv som varer til sist
Himmelske Konge, det veit eg for visst!

 

KONGE I ÆVA, Å LAT DU MEG DÅ
SIGRANDE INN I DITT RIKE FÅ GÅ!
VÆR DU MI TRU, DEN VONA EG BÆR,
TIL EG FÅR SKODE DIN HERLEGDOM DER!